Totalrenoverte 1950-talshus i Sørstrandsvegen

Nytt hus 65 år etter

Sambuarparet Ann Charlotte Kvellestad og Thomas Øren overtok huset etter Ann Charlotte sine besteforeldre i 2017. Huset som bestefaren bygde i 1958 var godt vedlikeholdt, men hadde stort sett stått uendra sidan 50-talet. Siste par åra hadde det stått tomt. Det var bratt trapp, mykje skråveggar og eit lite bad. Vi flytta inn i det slik som det stod og pussa det opp sjølve. Då vi fekk barn måtte vi ta eit viktig val.

Huset var heilt OK så lenge vi var berre meg og Thomas, smiler Ann Charlotte Kvellestad. Men så fekk vi først eit barn og så var eg gravid med nummer to. Då måtte vi berre bestemme oss for om vi skulle kjøpe eit større hus eller fikse på det vi hadde. Heldigvis gjekk vi for å behalde huset, som ligg fantastisk til i Sørstrandvegen. Eg vaks opp i nabohuset og har heile familien min i 2 minuttars avstand.

Vi slapp ansvaret
Då vi hadde bestemt oss for å renovere resten av huset og bygge på var det uaktuelt å gjere jobben sjølv. Vi var leie av oppussing, og familieliv med turnusarbeid og to små barn gjorde det uaktuelt. Vi kjente til folka i Vestfjord Bygg, og dei tilbaud akkurat det vi trengte. Dei planla og rettleia oss på ein god måte og tok ansvar for både elektro- og rørleggararbeidet. Vi slapp ansvaret – og det var akkurat det vi ville.

Flytta ut i eit halvt år
I november 2022 tok vi med oss pikk og pakk, ein 3-åring, ein liten baby og ein katt – og flytta inn til søstera mi som bur rett bort i vegen her. Ein del ting vart stua inn på dei tre romma som ikkje trengte oppussing; eit soverom, det små badet og den delen av kjøkkenet som vi pussa opp i 2017. Etter 6 månader var familien heime igjen i nytt gammalt hus. Vi var veldig heldig med timinga sidan vi hadde avtalane i boks før renteauken kom.

Sørstrandvegen 20, Ann Charlotte Kvellestad er spesielt godt fornøgd med den nye trappa, som ikkje er så bratt som den gamle og som er fin å sjå til.

Tilbake i nytt hus
Det er ikkje lite som er gjort med bestefarshuset i Sørstrandvegen. Huset er bygd på, taket er løfta, vindu og kledning er skifta, det er etterisolert og har fått ventilasjonsanlegg. Ikkje minst så har huset fått nytt bad, ny trapp og terrassar. Alt er eigentleg nytt bortsett frå tre rom. Det var rart å flytte ut av det gamle og tilbake til eit nytt hus, fortel Ann Charlotte. Det tok litt tid å tilpasse seg, og å klare å kjenne at dette faktisk er mitt hus. For oss vart prislappen lågare enn om vi hadde bygt nytt, samtidig som vi absolutt får nybygg-følelsen.

Ingen store overraskingar
Det unge paret hadde mange idear om korleis resultatet skulle bli, og Vestfjord Bygg kom med gode innspel. Dei endelege resultata vart alltid gode, smiler Ann Charlotte. Det er alltid litt spenning med å rive tak og veggar i eit gammalt hus, men heldigvis fekk vi ingen store  overraskingar undervegs. Michal Krupa som var byggeleiar her, var oppriktig engasjert og opptatt av at vi vart fornøgde. Når det oppstod ting undervegs tok han kontakt og hadde gode idear til korleis ting kunne gjerast.

Hjelp til interiørval
Vi har i det heile tatt hatt god kommunikasjon med byggefirmaet. Dei tilsette der har spela ei viktig rolle for at arbeidet har sklidd så lett. Han som eg bur i lag med, smiler Ann Charlotte, evnar ikkje å sjå føre seg korleis resultatet kan sjå ut. Der var Vestfjord Bygg til god hjelp. Dei var med og plukka ut golv, baderomsplater og flisar til gang og bad. I tillegg til at dei er flink til å sjå kva som passar, så har dei veldig god innsikt i kva som finst i marknaden. Det var der eg fekk tips om golvlistene, som passar veldig godt til golvet. Dei hadde eg aldri sett eller høyrt om før.

Vestfjord Bygg fiksar «alt»
Ann Charlotte legg vekt på at administrasjonsleiaren sin jobb i Vestfjord Bygg er avgjerande. Det er administrasjonen som heile tida koordinerer arbeidet internt, og som svarar på spørsmål frå oss. Lurte vi på noko undervegs så var det berre å løfte av rører. På kontoret tok dei spørsmåla våre vidare og var kjapp med tilbakemeldingane til oss. Alt er enklare når vi har ein person å forholde oss til.

Ann Charlotte Kvellestad:

Vi er kjempefornøgde med resultatet – og vi får mykje skryt av folk som ser kva vi og Vestfjord Bygg har fått til – med det gamle huset etter bestefar.

FørEtter

Leverandører / samarbeidsparter i Sørstrandvegen 20: