Huset midt i byen og skogen

Frå generasjon til generasjon i Firdavegen

Maria Standal Nygård tek i mot på trappa i Firdavegen 6, slik farmora og farfaren har gjort det sidan 1959. Trappa, inngangsdøra og huset er omtrent det same, sjølv om det på same tid er heilt nytt. Rominndeling og innvendige løysingar er ganske likt slik som Odd og Bille Standal hadde det, frå 1959 og fram til barnebarnet Maria og familien overtok det våren 2022. Det er likevel mykje som er gjort på det sentrumsnære huset, og familien er glade for å hatt flinke fagfolk med på laget.

Då Maria og mannen Benjamin overtok huset hadde dei kontakt med fleire firma. – Men, vi skjønte raskt at det var Vestfjord Bygg som skulle få jobben. Dei forstod kva vi ville, og såg dei gode løysingane. Vi ønskte folk som kunne rettleie oss på ein god måte, og der var det full klaff. Vestfjord Bygg hadde eit anna blikk på huset enn andre, og vi fekk ein god kjemi. Det gjorde oss trygge på at dei var involverte og tok våre ønskjer på alvor.

Spelte på lag med oss
Vi kunne ikkje alltid få ting akkurat slik som vi hadde tenkt, men då hadde dei gode forklaringar og alternative løysingar som vi vart fornøgde med, smiler Maria. Dei har vore lette å få kontakt med, og veldig ærlege i kommunikasjonen gjennom heile prosessen. Det var til dømes ein periode at arbeidet vart forsinka. Då ringte dei oss og ga beskjed, og litt seinare sette dei inn ekstra folk slik at dei tok igjen det tapte. Det krev mykje tid og energi å rehabilitere eit gammalt hus – og då er det viktig å spele på lag.

Firdavegen 6. Maria Standal Nygård har eit flunkande nytt Sigdal-kjøkken, men har tatt vare på stilen og fargane frå farmor sitt kjøkken.

Flytta inn i kjellaren
Det heile starta for eit og eit halvt år sidan, då kom vi til eit fullt møbler 1959-hus. Vi brukte ca. eit halvt år på å tømme huset og rive dei veggane som skulle rivast. Så starta arbeidet med kjellaretasjen. Der var det ein liten hybel i tillegg til ein fuktig jordkjellar. Det kravde både drenering og ombygging. Etter eit par månader flytta vi inn i ny leilegheit i kjellaren, medan arbeidet starta i hovud- og loftsetasjen.

Flinke og godt koordinerte handverkarar
Den planlagde innflyttingsdatoen som vi var førespegla heldt, og det er takka vere god koordinering av dei ulike handverkarane. Eg trur Vestfjord Bygg må ha valt spesielt gode folk å samarbeide med. Alle handverkarane – frå flisleggar, tømrar, elektrikar, røyrleggar og til taktekkar – har gjort veldig fint arbeid. Det er kjekt å sjå at folk har stoltheit for jobben sin, og at alle har vore godt samkøyrte. Arne Ove Ringstad og Kine Osland Hauge har vore raske på ballen når vi har hatt spørsmål, og samtidig har vi hatt direkte kontakt med snekkarane undervegs.

Midt i sentrum
Florø er kjent for at det er 5 minutt til alt, og slik er det verkeleg i Firdavegen. Når dei to barna til Maria og Benjamin skal begynne på skulen treng dei berre å hoppe over gjerdet. Sjølv om dei bur nesten midt i sentrum og langs ein trafikkert veg, så bur dei og midt i eventyrskogen og rett ved Storevatnet. Det er nesten som å vere på hyttetur, og dørstokkmila er kort når ein bur slik. Ungane blir sure om dei ikkje får komme ut i den store hagen kvar dag, smiler Maria fornøgd.

1959-løysingar fungerar i 2023
Det er fasinerande å sjå korleis eit hus med rominndeling, golv og trapper frå 1959 kan fungere i 2023. Vi har valt å behalde dei originale furugolva, og alle vindu er plasserte slik dei var. Ved å innlemme eit lite arbeidsrom i kjøkkenet er det blitt litt større og eit heilt nytt bad er det blitt plass til. Vi har fått tilpassa eit flunkande nytt Sigdalkjøkken, men har tatt igjen stilen og fargane frå farmor sitt kjøkken. I øvste etasje er det gamle tørkeloftet blitt til eit triveleg og romsleg leikerom for dei minste. Takhøgda er ikkje så stor, men rommet fungerer – og vi slepp leikar i heile huset, konstaterer Maria. Trappa opp til loftet er den originale med linoleumsbelegg i trinna, og til og med lampene på soveromma stammar frå besteforeldra sin heim. For oss har det vore viktig å ære det gamle huset litt – ved å behalde mykje av det opphavelege. Men alle dei fargerike tapetane er erstatta av malte flater i duse fargar.

Nytt på utsida
Sjølv om familien ikkje har bygt på huset så er kanskje skilnaden mest synleg på utsida. Vi ville ha det så vedlikehaldsfritt som mogleg, og Vestfjord Bygg foreslo Bergene Holm sin kledning – Nord. Med solceller på taket og ny mørk kledning har det gamle huset verkeleg fått eit ansiktsløft. Litt småjusteringar på terrasse med tilkomst til hagen, og ikkje minst drenering rundt huset er viktig for at huset fungerer godt for småbarnsfamilien. Vi er veldig fornøgde både med huset og jobben som er gjort av eit veldig godt team, avsluttar Maria. Familien har brukt dei siste månadane til å lande i det nye huset. Det er ein del flyttekasser som skal tømmast – men no bur vi her.

Foto 2019 lasta ned frå Google Street View

2019 2023

Leverandørar til Firdavegen 6

VESTFJORD BYGG