Tanken på Lilleåsen – møtepunkt midt i byen

Det har vore fleire planar for trykktanken i Lilleåsen, og i 2021 vart det fart i arbeidet. Kinn kommune og Florøs Bys Vel slo seg saman for å få på plass eit flott utkikkstårn på det gamle høgdebassenget på Lilleåsen.

Arkitekt Kolbjørn Nesje Nybø teikna tårnet i Art Deco-stil (dekorativ stil frå 1920-30-åra / symmetriske og rektangulære former). Brødrene Aa fekk oppdraget med å lage takutstikk i komposittmateriale og Hovland Sveis laga rekkverk, beslag og vindeltrapp i aluminium.

Vi i Vestfjord Bygg var så heldige å bli tildelt resten av byggearbeidet. Det vil seie at vi har lagt tak på tanken, saga ut dei fem opningane i betongveggen og bygd tredekke rundt heile utkikkstårnet. I tillegg bygde vi ei lita scene ved sidan av tårnet.

Tanken på Lilleåsen vart høgtidelig opna 27. august 2022.

 Sjå bildeserie / artikkel i Firdaposten 27.8.22 (+)